Manufactured by
History
-
NILS BERGSLIEN
(1853-1928)
Nils Bergslien var fødd på Voss og var av ei ætt med særmerkt kunstnargivnad. Målaren Knut Bergslien og bilethoggaren Brynjulf Bergslien var farbrørne hans. Alt som 16 åring reiste han til Oslo. I Oslo gjekk han på Knud Bergslien¿s malerskole, seinare studerte han i München, Dresden og Wien.
I 1880 drog han på ei studiereise saman med Holger Dachmann og Aksel Ender gjennom Telemark, over Hardangervidda og til Eidfjord. Han gifta seg med Johanna Myklatun frå Øvre Eidfjord. Dei kjøpte småbruket, "Skorane" i Eidfjord og kalla bruket "Bergslien" (Bergsliskorane) Nils budde i Eidfjord frå 1887 og fram til han døydde i 1928.
Nils Bergslien var til ei viss grad nasjonalromantikar. Fossar, fjell og fjellvidde har sett djupe merke etter seg i kunsten hans. Han bygde på det rotnorske og henta motiv frå eventyr, sagn, overtru og noregshistoria. Folkelivsbileta er noko for seg. Han plukka motivet ut av kvardagslivet og ofte nytta han skjemt med ein brodd i. Både småkårsfolk, bønder og "kondisjonerte" er makelaust skildra som typar.
Han var ein habil teiknar og ein produktiv portrettmålar. som bilethoggar laga han byster, medaljongar og relieff.
Fotografering: 1890 - 1910 (antatt)
- ProdusentWorm-Petersen, Severinsikker
- KunstnerBergslien, Nils
- ProdusentWorm-Petersen, Severinsikker
- Production placeNorge Oslo Oslosikker
Classification
-
- Bildende kunst (Outline)OU 532
License information
- License Attribution (CC BY)
Metadata
- IdentifierNTM UWP 12853
- Part of collectionNTM
- Owner of collectionNorsk Teknisk Museum
- InstitutionNorsk Teknisk Museum
- Date publishedJanuary 5, 2016
- Date updatedApril 23, 2021
- DIMU-CODE021016118140
- UUID6df3023f-cac1-41b4-81e6-c61da7054519
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».