Photo: Storvik, Kjell Ove / Kunst i offentlige rom

UiT Norges Arktiske Universitet, Campus Tromsø, Norges fiskerihøgskole

Når ein kjem inn på Noregs fiskerihøgskole i Tromsø, kan ein få kjensla av å entre eit stort skip. Og når ein er komen vel innanfor og står i den store hallen, kan ein få opplevinga av å vere på eit luftig fuglefjell, omringa av stein, svaberg og bølgjer som slår mot land.

Dei marine referansane er i det heile tatt mange i den lyse, detaljrike bygningen der fiskerihøgskolen held til. Ein iaugefallande glasgavl over eit meir tradisjonelt saltak gir også rikeleg med overlys. Arkitekturen er prislønna, og er eit døme på den postmoderne arkitekturen på 1990-talet. Den er ikkje minst ein representant for det karakteristiske formspråket ein kan finne att i mange av høgskolane som blei bygd rundt om i landet etter høgskolereforma i 1994. Fiskerihøgskolen i Tromsø blir rekna som ein spesielt flott representant for høgskoleutbygginga, og blei verna i 2011.

Det er ikkje berre i arkitekturen ein finn assosiasjonar til hav, kystkultur og skipsfart. Dei to kunstverka som er spesiallaga til bygningen, er særs godt integrert i arkitekturen, og begge kan sjåast som ei vidareføring av visjonane til arkitektane. Hovudverket er det Hagbart Solløs (f. 1951) som står for. Solløs blei valt ut etter ein lukka konkurranse. Kunstverket består av ei rekke skulpturelt utforma steinar i larvikitt som er plassert ute og inne kring inngangspartiet. Skulpturane gir inntrykk av noko uregjerleg, av at dei har brote sakte fram gjennom golv og glas, at dei følgjer ei langsam rørsle, styrd av enorme krefter.

Heile den store trappa i inngangspartiet inngår som eit element i skulpturarbeida til Solløs. Den bølgjande stripa av djupe blå fliser som følgjer ein frå inngangen og opp, gir assosiasjonar til ein sildrande bekk som leier ein lenger inn i rommet. Midt på stripa, like framfor trappa, bryt ei slank, blank form som liknar halefinna på ein fisk opp gjennom ein blokk av grovare stein. Med slike overraskande element og gjennomarbeida detaljar skapar Solløs på ein elegant måte heilskap og tyngde i rommet.

Den dansknorske kunstnaren Britt Smelvær (f. 1945) sine store veggrelieff av skifer og farga pleksiglas set også sitt markante preg på rommet. Kunstverket strekker seg over tre etasjar og dekker to hjørneveggar. Installasjonen er på sitt breiaste øvst og blir smalare jo lenger ned ein kjem. Det farga, transparente pleksiglaset som er montert i konturane av skiferplatene, gjer at relieffet reflekterer lyset og kastar farge på bakveggen. Dei buktande skifersteinane som kryp nedetter veggen, gir assosiasjonar til havbotnen og lysbrytingar gjennom vatn i rørsle.

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Share to