32. So vandra dei til møte

"Vers ved vannvegen" presenterer Aslaug Vaa sitt dikt "So vandra dei".
So vandra dei til møte
ved det kjærleikens tre,
og han kom frå nordan
og ho der sunnaneté.

Og føtane dei trødde
so lett på tylten tå
og månen synte vegen
i den sommornotti blå.

Ja, føtane so trygge
ut i sommornotti sveiv
der dei på månestigan
inni blåbergi kleiv. 

Og treet sto og venta
alt uppo høgan hei
det kjærleiksparet tenkte
at det venta just på dei. 

"Og her skal navni standa!"
alt heldt han kringom stål - 
då stagga ho den hondi:
"høyr - det skjelv som i eit mål!"

Og som klage frå ei harpe
i det kjærleikens tre
det brusar gjennom lauvet: 
"Lat borken min i fred!"

Kva er vel alle navn
dei i holdet mitt skjer
anna en flengjur
uti livets vene vev?"

So vandra dei frå møtet
under kjørleikens tre
og varleg dei trødde
etter månestigan ned. 

"Vers ved vannvegen"  er eit samarbeidsprosjekt mellom kanalkommunanen, Skien, Nome, Sauherad, Notodden, Kviteseid og Tokke, som ønskjer å syne fram sine lokale diktarar langs Telemarkskanalen. 

Share to