• Photo: Geirfinn Lysne (Opphavsrett)
  • Photo: Ukjent (Opphavsrett)

Aurlandskoens far

Du har, om ikkje gått med eit par sjølv, sikkert høyrd om Aurlandskoen.

Den tradisjonsrike skoen ligna på mokasiner, noko som ikkje var tilfeldig. Mannen som kom på ideen og starta produksjonen i Aurland på slutten av 1800-talet, Nils Gregoriussen Tveranger, reiste nemleg til Amerika for å lære skomakaryrket saman med faren allereie som 13-åring i 1877. Der henta han inspirasjon frå indianaranes mokasiner, som han tok med seg heim til Noreg. Den norske utgåva fekk namnet frå staden der den vart produsert, Aurland i Sogn. Skoen vart snart populær, ikkje berre i Noreg, men i heile verda. I toppåret 1959 vart det solgt 100 000 par.

Nils Gregoriussen Tveranger vart fødd 27. februar 1874 i Solund i Ytre Sogn av foreldra Gregorius Gregoriussen Tveranger og Inger Uriasdatter. Då Gregorius vende heim frå Amerika i 1894 busette han seg i Aurland. I folketeljinga 1900 finn vi han på garden Ohnstad saman med kona Hansine Toraldsdotter Ohnstad og sonen Gustav. Nils er oppførd med ”skomager for egen regning” som yrke, men i tillegg er han og ”fisker”. Arbeidet som skomaker ga altså ikkje nok inntekt, og det vart naudsynt med fiske som attåtnæring. I 1910-teljinga er familien busett på Vangen i Aurland. Her er Nils berre oppførd med ”skomaker” som yrke.  Nils og Hansine fekk fire born; Gustav (f. 1898), tvillingane Sofie og Hans (f. 1901) og Janna (f. 1910). Sofie døydde allereie i 1916.

Nils Tveranger døydde 13. juli 1953 heime i Aurland, Kona hadde døydd av ”hjærtelæmmelse” tjue år i forvegen. Han etterlot seg tre myndige born.

Sjølv om Aurlandskoens far er borte og storheitstida for skoen for lengst er over, fins det framleis spor etter Nils. I dag er nemleg den einaste skofabrikken som er att i Aurland, drive av femte generasjons etterkommar etter Nils Tveranger.


Share to