• Photo: Kjell Andresen (Opphavsrett)
  • Photo: Kjell Andresen (Opphavsrett)

Haugatun

Ungdomshusarkitekten Torgeir Alvsaker

Mellomkrigstida var ein rik periode for ungdomslagsrørsla, og mange ungdomslag bygde seg eigne store og flotte hus i denne tida. Berre i Hardanger vart det i perioden 1925-40 bygt 8 ungdomshus, teikna av Torgeir Alvsaker. Felles for alle er ei langstrekt og høgreist form, bratt, skifertekt med svai saltak og ein liten takryttar, inngang i gavlen under eit lågare tak og eit kort, høgreist tverrbygg i andre enden; ein «basilika»-modell.

Nyklassisistiske med nasjonale overtonar

Alvsaker sine ungdomshus må karakteriserast som nyklassiske med nasjonale overtonar; eit klart uttrykk for ungdomslagsrørsla sin nasjonale ideologi. Også Johan Lindstrøm og Magnus Dagestad på Voss teikna fleire nyklassiske ungdomshus, som vart modell for byggmeisterutforma ungdomshus andre stader.

Som eit framifrå eksempel på nyklassisistisk arkitektur er Haugatun freda.
 

Share to