• Photo: Atle Nesje (Opphavsrett)
  • Photo: Helge Sunde (Opphavsrett)

Brerørsle

Veit du kva som er årsaka til brerørsle?

Nydanna is i ein bre består av tilfeldig orienterte iskrystallar. Massen av kompakt snø og/eller is vil så byrja å deformera og strøyma nedover på grunn av tyngdekrafta. Denne rørsla finn stad som eit resultat av rørsle mellom dei ulike iskrystallane. I akkumulasjonsområdet vert iskrystallane utsette for høgare og høgare stress, ettersom vekta av overliggande is og snø stadig aukar. Under dette stresset vert iskrystallane deformerte langs interne plan i iskrystallane. Ettersom rørsla held fram, fører ulikt trykk mellom iskrystallane til at nokre iskrystallar veks meir enn andre, og at dei største krystallane endar opp med same orientering. Dette fører normalt til ei meir effektiv rørsle, sidan dei interne deformasjonsplana i iskrystallane er omtrent parallelle.

Ei strøymingsline er den bana ein iskrystall følgjer gjennom breen frå den landar som snø og til den smeltar lenger nede på breen. Over likevektslina strøymer iskrystallane innover mot midten og nedover i breen, medan dei under likevektslina strøymer utover mot sidene og opp mot breen si overflate. Over likevektslina er breen si overflate lågare på midten enn langs sidene (konkav), medan overflata under likevektslina er kvelva (konveks). Farten er størst i overflata midt på breen. Dessutan aukar farten nedover breen mot eit maksimum ved likevektslina, for så å minka gradvis mot brefronten.

Brerørsla skjer hovudsakleg på fire måtar:
1. Ved indre (intern) rørsle som skjer ved omforming, deformasjon og rørsle mellom dei einskilde iskrystallane.
2. Ein kombinasjon av indre rørsle og gliding mot underlaget.
3. Ved direkte gliding av heile bremassen mot underlaget.
4. Ved deformasjon av underliggande sediment.

Share to