• Photo: Akvarell av Else Lauvanger (Opphavsrett)
  • Photo: Ann Steindal (Opphavsrett)
  • Photo: Ann Steindal (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)

Hespriholmen - Noregs eldste steinbrot

Sensasjonelt funn

Etter mange års utgravingar i Sokkamyra oppdaga ein endeleg steinbrotet på Hespriholmen i 1923, ein times rotur vest av Espevær. Her var det materialane til den omfattande grønsteinsindustrien viste seg å vera henta frå. Spor etter ein storstilt økseproduksjon fortel om ein lokal næringsveg i steinalderen, og spreiingsområdet for grønsteinsøksane frå Bømlo fortel kanskje om eit tidleg handels- og maktsentrum.

Gjennom meir enn 4000 år henta sunnhordlendingar økseemna sine på Hespriholmen.

Frå reiskap til magiske "torekilar"

Namnet Hespriholmen skal ha samband med det gamle dialektuttrykket «hesbreia» som tyder «torden». Hespriholmen er toreholmen. I gammal nordisk folketru var det eit samband mellom steinøksar og torever. Slike øksar vart kalla «torekilar», og folk meinte dei fall ned frå himmelen når lynet slo ned. Torekilane hadde magisk kraft. Dei verna mot lynnedslag og lauseld, dei hindra mjølk frå å surna, og dei gav vern mot troll og andre vonde vette. Fleire tusen år etter at dei gjekk av bruk som øksar, har dei såleis fått ein ny funksjon og vorte hjelperåder mot ulukke og trollskap. Det var reiskapsemne dei henta seg på Hespriholmen, veidefolka i eldre steinalder. Men dette må ha vore gløymt av dei som fleire tusen år seinare gav holmen det namnet vi kjenner. For dei trudde det var toreguden sine øksar. Og kanskje toreguden sin holme.

Share to