• Photo: Hilde Lien (Opphavsrett)
  • Photo: Hilde Lien (Opphavsrett)

Hestesveitte som avføringsmiddel - ei vandrehistorie

"Sjur frå Luster i Sogn kom til Fræna i siste halvdel av 1800-talet. Truleg busette han seg på Melsetra og tok namnet etter bustaden slik skikken var. Me veit ikkje meir om han før me finn han att som legdakall i Indre Fræna. Det som gjer at folk hugsa han, var avdi han var ein god sogeforteljar. I sogene var han sjølv hovudpersonen, og då som ein kraftkar få kunne måle seg med. Ei av sogene hans lydde slik:
Ein gong var eg med på slåttadugnad. Som skikken var ved ljåslått på vanleg eng, gjekk karane i skårgang framover. Det gjaldt å halde tempoet, elles så kunne andre på laget gå forbi, og du vart slegen på holme, det vil seie at dei andre slo framom deg, og du vart liggjande etter med skåren din. Det vart regna som skam for taparen.
No visste dei andre på laget at eg var sterk og hadde godt lag med ljåen. Dei var redde for at eg skulle slå dei 'på holm'. Derfor samrådde dei seg for å ta tå meg farta. Dei hadde vore borti stallen og skrapa av turka hestesveitte på ein hestesele. Hestesveitten strødde dei oppi grauten min, og med det fekk eg sjetå. Eg vart vekkhefta med å løyse broka nokså ofte. Men då "hivde eg broki", og så gjekk eg skårgang so gåvet stod. Eg lurte fantane, skal eg love deg!"

For meg høyrde historia litt fantastisk ut, men ingen ting duger uprøvd. Eg sende derfor ut eit spørsmål til medlemme i Romsdal sogelag, svara let ikkje vente på seg. Først ute var gardbrukar Ivar Sæther, Isfjorden (f. 1915):
"Slåttakarer. Det var den tid før Slåmaskina kom i handelen, gjaldt det å sikre seg de beste slåttekarene før slåtten tok til. På gården Unhjem, den største gården i Isfjorden på den tid, hadde de sikret seg selve fantomet av en slåttekar fra Vistdalen. Han forkynte med brask og bram at inntil denne dag er det ingen som har skårjaget han (det vil si at han måtte gå ut av skåren for nestemann). En av de faste drengene på Unhjemsgarden fant ut at han ville spille "supermannen" fra Vistdalen et puss. Han skrapa av litt hestesveitte fra bogtreet på hesteselen og fikk kjøkkenjenta til å ha det ned i kaffen til vistdalingen. Først var det å slipe ljåene, så ble superslåttekaren så fryktelig magasjuk, og han som skulle gå først i skårgangen. Han tok på seg ei lerretsskjorte uten underbukse og lot naturen gå sin gang, men ingen av de andre slåttekarene truet hans førsteplass." (Fortalt av Edvard Bredeli)

Jordskiftesjef Oskar Hegnes, f. 1920, Nesjestranda skriv følgjande:
Ingebrigt Gribbestad (1872-1967) fortalde meg at storkna hestesveitte frå bogseltre vart nytta som medisin mot hard mage (treg avføring). Men det var sterke saker, tok ein formykje så kunne det gå reint gale, då fekk ein sjetå, og det var ikkje til å spøke med. Denne medisinen kunne også misbrukast. I eldre tid slo dei gras frå fjell til fjøre. Å vera ein god slåttekar var like gjævt som å ha ord på seg for å vere ein stordansar.

På ein gard i heimbygda mi hadde dei leigd ein dyktig slåttekar. Det var ingen som kunne måle seg med han når dei gjekk skårgang. Nådde han att nokon i skåren, så skreik han med han hadde mål: "Ha det uti veia, her kjem i!" Slåttekaren som måtte vike, lika sjølvsagt ikkje det, og han fann på ei råd. Han hadde tørka hestesveitte ned i maten åt karen. Jau, det verka. Først for han og sprang på skogen med broka, men dette tok tid, og den andre slåttakaren tok innpå han. No stod slåttekarsæra på spel. Då visste han ikkje anna råd enn at han sprang ut av broka og let det stå til. Kva rakstergjentene sa som gjekk etter, nemnde ikkje Ingebrigt."

David Strømme, 88 år, Gjersetbygda fortalde følgjande over telefon:
Hestesveitte vart brukt mot treg mage. Same kor gale det stod til, verka dette.
Hestesveitte vart også nytta når nokon ville gjere ”fanteri” med nokon.
Det var ein gong ein drivande arbeidskar som hadde fått seg arbeid som slåttakar her i bygda. Dei andre greidde ikkje å gå i skårgang med han, derfor narra dei i han hestesveitte for å dempe arbeidslysta. Mannen fekk magasjau, men i staden for å gje seg, tok han av seg broka og slo i berre skjorta. Det lukta sterkt av han og dei andre kvidde seg for å gå i skårgang med han.
David høyrde dette fortalt etter at han var vaksen, men han mintest ikkje kven som hadde fortalt han historia.

Ivar Tolaas, f. 1931, Solemdalen fortalde meg - etter å ha lese spørsmålet - at når nokon hadde hestesveitte i t.d. drinken til ein annan mann, hadde det fenomenal verknad. Ivar hadde opplysninga etter far sin, Nils Tolaas (1893-1973).

Også frå Vike, Vikebukt, skal effekten av hestesveitte vere kjent har Morten Drejer fortald Harald Aas. Morten Drejer hadde opplysninga frå mor si som var frå Vike.

Svara som kom inn, overraska meg. Personar som ikkje har hatt kontakt med kvarandre, fortel den same historia. Det synest som ei vandrehistorie. Dei same elementa går att, men forteljinga er tilpassa lokale forhold. I von om å få fleire opplysningar om gammal hestesveitte, kontakta eg bygdebokforfattar og museumsstyrar Kolbjørn Aune i Hemne, Sør-Trøndelag. Han har drive mykje med tradisjonsinnsamling, og han har på mange vis vore eit førebilete for meg. Som svar på spørsmålet skreiv han av noko som står i Henrik Sødal: "I gammeltida. Folkeminne frå Hemne prestegjeld", NLF 104, Oslo 1969. S. 22-23.:

Det vart fortalt mang ei soge om kappslått i 'tjukkeng', som dei kalla det. Slik som han Hovlik, som var så urimeleg snar til å slå. Han skårjaga alle mann, så dei vart arge og fann på ei prette med han, skrapa skabb av greiputa av hesteselen og hadde i maten hans, så han fekk 'laust liv' (diare). Da skulle han bli bra borthefta når han slo. Men Hovlik visste råd, han tok av seg buksa, bretta opp skjorta og batt ho fast med tau rundt livet og let det renne nedover legger og lår. Så slo han like godt som før."

Vandrehistorier er ein del av kulturhistoria vår.
 

Share to