• Photo: Ukjent (Opphavsrett)
  • Photo: ukjent (Opphavsrett)
  • Photo: ukjend (Opphavsrett)

Norsk Møbelfaglig Senter - eit nasjonalt dokumentasjonssenter.

Føremål med senteret
Frå starten av, i 1994, hadde eigarane ambisiøse målsetningar med senteret. Dette kjem mellom anna til uttrykk i vedtektene som kom på plass då NMFS vart skipa i 1994. Her heiter det: "Norsk Møbelfaglig Senter er en stiftelse etablert av Møbel- og Innredningsprodusentenes Landsforening, Norsk Treindustriarbeiderforbund og Sykkylven kommune. Stiftelsen skal bygge opp en fremtidsrettet og offensiv holdning til møbelfagets og næringens utvikling, og søke å fremme en tidsriktig, konkurransekraftig og tradisjonsbefestet næring med en fremtidsrettet profil. Arbeidsområder er kunnskapsformidling, utstillinger, samling og aktivisering av kunnskapsmiljøer og representasjon. Senteret bidrar også til faglig rådgivning, opplæring og utredninger. Stiftelsen skal i tillegg, gjennom museal drift, formidle kunnskaper om møbelfabrikasjon innenfor en vid kulturhistorisk ramme."

Oppbygging av senteret
Direktør i StokkeGruppen, og tidlegare eigar i Møremøbler i Ørsta, Inge Langlo, var senterbyggaren framfor nokon. Han hadde vide kontaktar i møbelbransjen og var kjent som ein bedriftseigar med ein særleg sans for nyskapande design. Inge Langlo hadde difor dei aller beste føresetnader for å vere fødselshjelpar for ein institusjon som var tenkt å verke som ein inspirator og sosial og faglig faktor i møbelbransjen. I ettertid uttalte Inge Langlo om dette: "Det vi først og fremst ønskte var å skape ein møteplass. - Eg har alltid vore oppteken av kva miljøet har å seie for utviklinga av ein bransje. Du ser det same i idretten. I Ulsteinvik har dei fått fram ein fotballkultur som fører fram talent på løpande band. Dei unge veks opp i eit miljø der ein viss type aktivitet vert stimulert og gjeve vokstervilkår. Talenta kunne ha utvikla seg i ei anna retning dersom det var andre eigenskapar og ferdigheiter som vart stimulert. Det same meiner eg gjeld bransjemiljø. Dersom ein har fora som stimulerer til fagleg debatt så utviklar du talenta og fører miljøet framover. Med den strukturen vi har i møbelbransjen i dag er det viktigare enn nokonsinne med slike møteplassar for å skape eit miljø for fagleg vekst." Det viste seg å vere vanskeleg å utvikle det møbelfaglege senteret etter desse meir bransjefaglege og samtidsorienterte retningslinene. Det vart ein del overlappingar mellom NMFS sine abeidsområde og ambisjonar på den eine sida, og bransjeforeiningane sine arbeidsområde på den andre. Det viste seg også at NMFS med sine to faste stillingar hadde vanskar med å halde ein så høg aktivitetsprofil at bransjen sine behov for ein fagleg møtestad med nasjonale ambisjonar kunne stettast.

Dokumentasjonssenter og bransjemuseum
Resultatet har blitt at NMFS no har funne plassen sin som eit bransjemuseum og dokumentasjonsenter. Ved årsskiftet 2004/2005 gjekk NMFS inn i det nye konsoliderte Sunnmøre Museum. Hovudsatsinga for senteret i 2005 vert tillaginga av ei utstilling som har fått tittelen: Industrieventyret på Sunnmøre. Gjennom tekst, bilete, møbler og produksjonsutstyr ønskjer ein å få fram korleis det kunne vere mogeleg at ein utkant i Norge vart det leiande distriktet innanfor møbelindustrien. Norsk Møbelfaglig Senter har gjennom dei ti åra institusjonen har vore i drift bygd opp ei omfattande samling av møbelhistorisk materiale. Noko av det mest verdfulle er nok alle intervjua med møbelveteranar, designarar, salsfolk mv. frå heile landet. Mange av desse personane er no borte, men i NMFS sine arkiv finnest historiene deira lagra både på band og i form av papirutskrifter. Senteret har også eit bibliotek med det meste som er skrive om norsk møbeldesign og møbelproduksjon dei siste hundre åra, i tillegg til ei omfattande samling av møblar og produksjonsutstyr. NMFS er altså staden om du har spørsmål som er knytt til norsk møbelhistorie.

Share to