• (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)

Da vatnet kom flaumande

Da eg vakna fredag den 10. juni 2011, regna det veldig mykje. Eg høyrde at regnet piska mot vindauget, og at elva buldra. Eg har aldri høyrt det har regna så hardt mot vindauget før. Da eg sto opp tenkte eg aldri på korleis det kunne bli med så mykje regn. Den natta hadde det regna veldig mykje, og mykje snø på fjellet hadde smelta.

Ein spesiell skuledag
Da eg og systera mi skulle på skulen, måtte vi og mamma gå ned traktorvegen ved huset vårt, fordi vatnet flauma over brua vi brukte å køyre over. Vatnet i elva var mørkt brunt, nesten svart nokon gonger. Elva fossa over vegen. Det var eit uverkeleg syn. Vi gjekk ned til huset til bestemor og fekk skyss til skulen og mamma fekk skyss til jobb. På skulen var det mange som var redde og sjokkerte over det som har skjedd. Ingen viste at det skulle bli verre enn det var no. Mange hadde allereie opplevd at noko dei eide eller ein veg har blitt øydelagt. Ei av venninnene mine i klassa kom seg ikkje på skulen fordi vegane var øydelagde. Seinare på dagen gjekk straumen på skulen, og alle elevane fekk beskjed om å gå ut av skulen. Vi måtte være på baksida av skulen, fordi på sida mot E6 hadde det fossa mykje vatn inn på skuleplassen. Mange av elevane på skulen blei henta av foreldra sine så dei reiste heim til husa sine og såg om det har hendt noko med husa. Det blei kø på E6 fordi det var veldig mykje vatn i vegen. Nokre av elevane begynte å gråte, fordi dei var redde for husa sine, kjeledyra sine eller nokon dei kjenner. Da den spesielle skuledagen snart var over, var det ikkje igjen mange elevar på skulen. Eg og veslesystera mi blei med bestemora og tanta vår, fordi mamma kom seg ikkje heim frå jobb på Vinstra. Pappa var ved huset til bestemor. Dei var begge veldig sjokkerte over at det flauma i Kvam. Bestemor har berre sett litt rundt og hatt bilen parkert på Kiwi for det meste av dagen, mens tante som er lærar på skulen vår, har vi snakka med før i dag. Pappa hadde sendt et bilete av korleis det såg ut oppover Brendevegen på melding til tante. Det var fullt av vatn der. Eg hadde gått den same vegen nokre timar tidlegare.


Eit uverkeleg syn
Eg, systera mi, tante og bestemor køyrde til huset til tante for å sjå om noko hadde hendt med huset. Utanfor huset var det veldig gjørmete, og det var litt vatn. Mange av steinane som var utanfor huset hadde blitt revet opp, eller skylt vekk av vatnet. Inne i huset hadde det ikkje skjedd noko. Søskenbarnet mitt og systera mi sitt, Ingvild hadde vore heime i huset saman med bestemora si i dag. Ho var veldig glad då vi kom. Seinare gjekk vi så vi såg korleis elva fossa gjennom Brendevegen. Elva rann tett intill veggane på mange av husa. Det var veldig spesielt å sjå. Det var fleire enn oss som sto der, og hadde ingen trudde at dette kom til å skje. Mange trudde at nokon av husa kom til å bli øydelagde. Det hadde komet mange gravemaskinar som hadde begynt å grave i elva. Eg hadde aldri sett ei slik elv før.


Heim
Vi gjekk tilbake til tante. Ho blei igjen der, mens eg, systera mi og bestemor køyrde for å treffe mamma. Ho hadde brukt ein time heim frå Vinstra. Vi køyrde opp til Kernhølen og parkerte der, før vi gjekk over brua der og heim. Det var litt ekkelt å gå over brua, fordi vatnet under gjekk nesten opp til brua, og ho var våt og litt glatt. Vi gjekk opp traktorvegen, og vegen opp til oss. Vi var ikkje evakuert, og det hadde ikkje skjedd noko med huset vårt. Vi hadde fortsatt vatn og straum, men vi kom ikkje in på internett.


På kvelden og natta begynte det å regne igjen. Mange var redde for at det kunne bli meir flaum, og at meir kunne bli øydelagt. Allereie hadde det blitt skadar for om lag 100 millionar kroner.
 

Share to