36. Blå kveld

"Vers ved vannvegen" presenterer Aslaug Vaa sitt dikt "Blå kveld".

Med’ skogen tek 
dei mange ord

og svæver dei i blund

 

Ein dråpe dogg

ber jordis saft

til nattfiolens munn

 

Ein hond av nott

eit hjartans bod

legg meg i jordis fang

 

Å fader vår

du som er jord

lær meg din viljes gang!

 


"Vers ved vannvegen"  er eit samarbeidsprosjekt mellom kanalkommunanen, Skien, Nome, Sauherad, Notodden, Kviteseid og Tokke, som ønskjer å syne fram sine lokale diktarar langs Telemarkskanalen. 

Share to