• Photo: Helge Sunde (Opphavsrett)

Hallingskeidmarknaden

For folk flest er Hallingskeid ein stoppestad på Bergensbana, eit høveleg utgangspunkt for ein fjelltur. Kan det ha vore noko meir tidlegare?

For folk flest er Hallingskeid ein stoppestad på Bergensbana, eit høveleg utgangspunkt for ein fjelltur. Fjellvegar frå fleire bygdelag kryssa kvarandre her. Folketradisjonen vil ha det til at her for lang tid sidan var ein marknadsplass der hallingar, hardingar, vossingar og sogningar møttest til handel og leik.

Det gamalnorske ordet skeið tyder laup, renn eller sprang. Namnet kan tyda på at her også vart drive kapplaup eller kappriding, men marknaden på Hallingskeid er ikkje nemnd i skrivne samtidskjelder. Kva tid han fanst er difor uvisst. Dei fleste meiner det må ha vore i mellomalderen, før år 1600.

Det finst heller ikkje spor i terrenget. Sume vil ha det til at marknaden låg i Øvre Grøndalen, nokre kilometer lenger nord, der det er tuft etter ei stor bygning. Men heller ikkje denne er nemnd i kjeldene.

I fjella mellom Austlandet og Vestlandet finst det elles tre Hallingskeid til, det eine i Bjoreidalen på Hardangervidda, det andre i Førdalen i Ålsfjella og det tredje sør for Lærdal.

 

Share to