Brørne frå Seim

Frå Seim i Nordhordland steig i 1896 tre brør i land på Kinn etter at foreldra same året hadde kjøpt øya Kinn. Det var Magnus, Harald og Einar Seim.

Brørne frå Seim

sette spor etter seg på Kinn

Av Rolf Orheim

 Så langt ein veit har det budd folk på Kinn. Dei første sikre spor er frå slutten av jernalderen, dvs. 400 år etter Kristus. Mykje av den tidlegare soga på Kinn er omgjeven av segner og legender. Det er nok å nemne det som er fortalt om den heilage Sunniva og Seljemenne. Omkring dette handlar også ein del av Kinnaspelet.

      Gardsbruk og fiske var alltid levevegen for dei som budde på Kinn, også langt inn i 1900-talet. Rikt laksefiske i som-marmånadene og sildefiske om vintrane gav bra inntekter både for dei fastbuande og dei mange fjordafolka som anten satsa på sesongfiska eller dei tok seg drengeteneste på Kinn. Laks var lett å ty til som middagsmat. Tenarfolket fekk av den grunn kontraktfesta at dei ikkje skulle ha laks til middag meir enn tre dagar for veka!

      Frå Seim i Nordhordland steig i 1896 tre brør i land på Kinn etter at foreldra same året hadde kjøpt øya Kinn. Det var Magnus, Harald og Einar Seim. Magnus som var eldst, tok over og busette seg på hovudgarden nord på øya, medan Harald og Einar tok over den andre garden og busette seg sør i sundet. Einar Seim tok straks til med jorddyrking for å utvide garden. Under hovudbruket var også fleire småbruk eller plassar. På Kinn var eigen skule.

      Dei tre vart med åra føregangsmenn og kulturberarar på ulike område. Når deira ulike engasjement kvar for seg var nok til å skrive bok om den enkelte, seier det seg sjølv at det må bli ein svært kortfatta omtale dei kan få i dette programheftet. Av den grunn har vi valt å omtale Harald og Einar denne gongen, så får bonden på hovudgarden der Kinnakyrkja står, Magnus Seim, få sin omtale i neste programhefte.

 Harald Seim

var fødd på Seim i Nordhordland 9. juni 1882 og var såleis 14 år då han kom til Kinn. Han og den tre år yngre broren Einar, tok over garden sør i sundet, men det var likevel Einar som dreiv garden med laksefiske som god attåtnæring. Harald sin hug stod til kunsten, men han hjelpte nok til på garden når høvet baud seg. Han reiste til Kristiania og vart elev hos den kjende kunstmålaren Christian Krogh, det vart også eit par års studieopphald i Paris. Men livet i storbyane låg ikkje for han, så han braut opp og reiste heim til Kinn, som vart hans faste haldepunkt i alle år seinare. Det hindra han likevel ikkje å vere lange bolkar borte frå Kinn. På desse turane som kunne teljast i månader og år, samla han impulsar og henta inspirasjon. Han gløymde heller ikkje heimbygda på Seim og foreldregarden, og fôr ofte dit, i alle fall så lenge foreldra levde.

      Etter slike «samleferder» kunne han vere nokså produktiv, og motiva var sjølvsagt påverka av dei stader han nyleg hadde budd. Ålfoten i Nordfjord og likeins Hyen er stader der han henta ei rekke av sine innlandsmotiv. Men mest kjend er han som skapar av motiv frå det maritime miljø. Hans måleri av ørner og skarv frå fjell og fjøre med brusande hav ved Kinn eller øyane omkring er meisterlege, likeins motiv frå dei store sildefiska like utanfor stovedøra, med Kinnaklova som det gode landemerket. Det var ikkje for inkje han vart kalla «Ørnemålaren frå Kinn».

      Harald Seim vart ikkje rik på kunsten. -– Det er meir lønsamt å vere eggjamålar – sa han ved eit høve. Måleria vart ofte brukte som bytehandel – eller vederlag, for kost og opphald når han var ute for å samle motiv. Derfor er han etter måten godt representert i desse bygdene. Som med mange andre kunstnarar frå denne tida, vart Harald Seim sine arbeid meir etterspurde etter sin død enn medan han levde. Derfor er dei  heldige dei som frå hans gode og produkt år har sikra seg «ein Seim». Det er kunst av varig verdi.

      Harald Seim budde den siste tida på aldersheim på Sandane og der døydde han 14. februar 1975. Han vart gravlagd ved si heimekyrkje – Kinnakyrkja – der han også fekk sin minnestein.

 Einar Seim

Om Einar Seim (1885–1978), er sagt at han var Norges mest sjølvlærde bonde. Han hadde sanka kunnskap som låg langt over det vanlege for ein mann med berre folkeskulen som grunnlag, både når det gjaldt historisk oversyn, dei store religionar og språk. Derfor når han i mogen alder stod fram med sine førelesingar, anten det var i Kinnakyrkja eller i andre samanhengar, siterte han sjeldan andre lærde, fordi han var lærd sjølv og hadde gjort seg opp si meining om mangt og mykje. Og når han la ut om eit emne, gjorde han det på ein så fengslande måte at då ein gong hadde ein flokk studentar frå Universitetet i Bergen på omvising og orientering i Kinnakyrkja var det ein av studentane som etterpå utbraut: Tenk om vi hadde hatt ein slik historiepro-fessor, då ville lærdomen sitje som spikra. Då hadde han aust utover studentane historiske tal og data, namn og latinske, engelske og franske sitat. Han kunne snakke om ord og opphav på ein overtydande måte. Soga om Kinnakyrkja kjende han betre enn folk flest, sjølv om dei tjukke murane framleis hyser løyndomar som vitskapen framleis ikkje har løyst. Lektoriet med dei 12 apostlane omtala han som var det gamle kjenningar med ulike bakgrunn som vart Jesu læresveinar. Slik var det også med dei andre personane som pryder veggene i den gamle steinkyrkja frå 1200-talet.

      Einar Seim var full av humor, og han kunne vere flink til å herme. Mykje av denne givnaden hadde han tileigna seg gjennom dei tusenvis av herme og ordtøkje han hadde samla. Over 2000 slike samla han i ei bok som kom på Universitetsforlaget. Einar Seim gjorde studieferder til Shetland og Orknøyane for å finne meir ut om øyane og folket sine nære tilknyting til norsk kultur og språk, Han studerte også framande religionar. Såleis Islam. Han omsette Koranen til nynorsk!

      Einar Seim engasjerte seg også i lokalpolitikken, m.a. som skulestyreformann i Kinn i mange år. Då krigen var slutt i 1945 let han seg velje til ordførar for to år. Ein som var med desse åra, karakteriserer denne tida som interessante og fornøyelege år, fordi Seim var ein festleg type som både var ordhag og sa mykje med humor, men også med brodd. Einar Seim etterlet seg ei stor boksamling. Mange av bøkene hadde han kjøpt hefta og bunde inn sjølv. Slik sparde han pengar samstundes som han hadde tidtrøyte i lange og mørke vinterkveldar når han ville kvile frå lesinga.

      Einar Seim døydde i 1978, midtveges mellom 92 og 93 år.

 

 

 

1 comment

  • Kinn

Share to