• Photo: NFM (Opphavsrett)
  • Photo: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane (Opphavsrett)
  • Photo: Foto: Ola Lamvik, arkiv/utlån: FylkesFOTOarkivet i M&R/Erna Lamvik (Opphavsrett)
  • Photo: NFM (Opphavsrett)

Eple - ei god historie

I byrjinga var det rotekte epletre som vi kallar villeple. Epla var små og trong ei frostnatt for å bli søte. I Osebergskipet blei det funne rester av slike villeple. Dei var nok ikkje kvardagskost, men ei dronning verdig.

Med kristendommen kom munkane til Noreg. I klostra var det frukthagar, og vi veit at munkane kunne podekunsten. Å pode er å ta ei grein frå eit frukttre og feste den på eit anna tre (til dømes rogn) slik at den gror fast. Ved å pode kan ein få mange frukttre med heilt lik smak på frukta. Munkane spreidde etterkvart slike epletre utover landet.

Den katolske kyrkja krov ein tiandedel av all avling frå bøndene. I eit skriv frå 1328 kan vi lese at bøndene på Stårheim blir pålagt å betale tiende til kyrkja av epleavlinga si. Vi veit ikkje kor mykje eple det var snakk om, men villepletre kunne gi store avlingar i gode år. Bøndene tok vare på dei trea som ga mest og best frukt, og dei sette gjerne namn på epla etter staden dei vaks på. Slik fekk ein ulike eplesortar allereie den gong.

Å gå på epleslang har nordmenn før oss også gjort. På 1200-talet blei det innført strenge straffar for å stele eple. Epletjuven fekk smake pisken eller hamna i botshus (fengsel). Det fortel oss noko om kor verdifull frukta var på den tida.

Sist på 1700-talet byrja vi kjøpe epletre frå andre land. Dei ga større og søtare eple som folk kalla hageeple. Prestar og andre lærde ivra svært for dei nye trea og kalla dei gamle norske epla uspiselege. Ikkje alle var einige i det. Rasmus Flo frå Stryn skreiv i 1890 åra "vill-epli var betre på smak enn flestalle hage-epli som voks heime i bygdine der i mine gutedagar". Den gong sto framleis "Snusen", det største villepletreet i landet, på garden Flo.

Eple blei etterkvart ei salsvare i Noreg, og på 1930-talet byrja ein plante store frukthagar. Det var såkalla handelssortar som Gravenstein, Åkerø og Filippa bøndene planta. Epledyrkinga var størst på 1950- og 60-talet. Da hausta ein over 70 000 tonn eple i året. No har frukt frå utlandet teke over mykje av marknaden, og vi haustar frå 10 til 20 000 tonn eple kvart år i Noreg.

2 comments

  • Godt språk
  • Fin framstilling

Share to