Erik Johnsen Helland

Erik Johnsen Helland (1816-1868) er rekna som den som skapte den moderne hardingfela i Norge.

Erik Johnsen Helland (1816-1868) er rekna som den som skapte den moderne hardingfela i Norge. Kanskje i samarbeid med bror sin Eilev omforma han hardingfela frå eldre, korte og rundvorne typar til ein større, flatare og breiare type, meir beslekta med fiolinen. Dette fekk avgjerande verknad på felemakarane som kom seinare og førte til at hardingfela fekk ein tone som var meir eigna i større lokal og til konsertbruk.

John Eriksen d.y. (1849-69) og Knut Eriksen (1851-80) var søner av Erik Johnsen Helland og dei skulle føre felakariet etter faren vidare Mange ting tyder på at dei hadde planar om å arbeide seg inn på bymarknadene, der kjøpekrafta var større. Da Erik døydde i 1868 og sonen John året etter fall desse planane saman. Både John og Knut døydde begge i så ung alder at dei ikkje rakk å setje sitt preg på hardingfeleutviklinga.

«Kjempa» frå 1864 er eit eksempel på den moderne modellen til Erik Helland. Fela tilhøyrde ei tid Leiv Sandsdalen, som syntest fela var strid å spele på. Etter han blei den bruka av Borgen spelemennene Halvor Borgen d.e., Halvor Uvdal og Gunnulf Borgen i Bø. Det var med «Kjempa» Gunnulf Borgen vann dei store kappleikane i åra 1925 til 1935, da han var nærast uslåeleg. 

Share to