Langeleikspelaren Nils Nilsson Lona frå Bø

Vi kjenner ikkje namnet til mange langeleikspelarar i Bø. Nils Nilsson Lona (1822-1903) er ein av dei få vi kjenner til. Han var frå øvre Tveiten på Heia.

Museet i Bø har visebøker og langeleik etter Nils Lona. Langeleiken er laga av ein av felemakarane frå Helland.

 I 1860 tok Nils og kona Anne frå øvre Valen over gardparten Lona ved Jørgedal. Dei fekk tre døtre. Anne og Åse var ugifte og tok over Lona etter foreldera, Ingeborg blei gift og busette seg på Torshøl i Nes. Sonen hennar, Øystein Torshøl, heldt auksjon i Lona på 1970-talet.


I dag er staden der Nils og Anne budde borte. Men tonene frå langeleiken til Nils kan ein framleis høyre.

Share to