• Photo: SEFRAK arkivet (Opphavsrett)
  • Photo: SEFRAK arkivet (Opphavsrett)
  • Photo: Toril Moltubakk (Opphavsrett)
  • Photo: Haral Trondstad (Opphavsrett)

Hestskjæret fyrstasjon

1. november 1879 vart Hestskjær fyr tent. Det skulle sikre trafikken over Hustadvika ytterligare. Fyret fekk eit klippapparat som vart svært godt mottatt av dei sjøfarande.

Utsett plassering

Alt under bygginga av fyret fekk ein kjenne dei harde vertilhøva på skjeret. Forholda viste seg å være langt verre enn ein først hadde trudd. I ruskever slo sjøane mot tårnveggen med svær kraft. Det vart difor avgjort å byggje tårnet seks meter høgare.

Admiral von Otter

Hestskjæret var det første fyret utstyrt med eit klippapparat som var konstruert av den svenske admiralen von Otter. Skjerminga av fyret vart godt mottatt av dei sjøfarande. Fyrlyset kunne nå utnyttast på ein langt betre måte enn tidlegare.

Store skader i 1883

Ein orkanaktig storm på Hustadvika den 27. - 28. februar 1883 gjorde store skader på fyret. Klippapparat og skjerm vart knust, rekkverk knekt og vatn trengde inn i bustaden og skada møblar og proviant. Etter ein førebels reparasjon vart fyret tent etter tre veker.

Sikringsarbeid

I 1893 løyvde styresmaktene kr. 15.000,- til forsterking av fyrbygget. Ein utvendig halvsirkel av gråstein i sement vart mura frå grunnen og opp til lyktegalleriet. Naustet vart flytta og bygd i betong.

Glødenett

I 1905 vart fyrlyset forsterka ved installasjon av glødenett. Fyret vart bygd om og elektrifisert i 1960. Det vart også bygd eit fyrbygg i tre etasjar av betong. Kvar av tenestemennene hadde eit soverom og eit arbeidsrom, med felles kjøkken og bad.

Nytt fyrtårn

Samtidig vart det bygd nytt fyrtårn på toppen av den nye fyrbygninga. Dette ragar sju meter over taket på fyrbygget. Elektrisitet til fyr og bustad kom no via ein lavspent kabel. Stasjonen vart avfolka og automatisert i 1986.

Share to