Røykstova i Vika står i sin gamle stand i tunet på Omastrand, bygd saman med eit grindbygt eldhus i sørgavlen og ein kleve med sval eller «dør» i nordgavlen. Bygningen er kledd utvendig med liggjande, kantskorne bord, festa med trenaglar. På bordkledningen og på eldhusdøra finn vi innrissa bilete av jakter og andre skuter. Som hesten i innlandsbygdene var båten i fjordbygdene sentral i all transport og samferdsle.
Vika, Omastrand
Den gamle røykstova som står att i tunet i Vika (Vikjo) litt sør for Omastrand, vart freda i 1924. Opphavleg omfatta fredinga også ei tohøgda sengebu med sidesval og eit stabbur. D ...