• (Opphavsrett)

Nøkkelen til gofa

Det var ei stor kiste med mange gamle aviser og brev. Det var òg mange kjærleiks¬brev oppi den kista. Men dei fekk eg ikkje lov til å lese. Nøkkelen er eit kulturminne som har blitt utvikla til å bli mindre i størrelsen, og det er mange ulike variantar.

Denne nøkkelen vart laga i 1960 av Tarjei Asbjørnson Rysstad. Gofa fekk nøkkelen på slutten av 1960-talet. Denne nøkkelen er laga av stål. Nøkkelen har vore viktig for menneska i fleire tusen år. Det finst mange former på nøklane. Nokre nøklar blir brukte til å låse opp og lukke igjen ting, mens andre kan brukast til diverse køyretøy.

Gofa fekk nøkkelen samtidig som han fekk kista i gåve. Det var på bursdagen hans. Han fekk også andre gåver som han la oppi kista. Kista fekk han då han vart 18 år. Han har hatt kista og nøkkelen sidan då.
Kjelde: Uppstad, Tarjei; intervju; 10.10.2009
 

Share to