• Photo: Ann-Mari Olsen (Opphavsrett)
  • Photo: Teikning av C.W. Rothery i boka «Notes on a yacht voyage to the Hardanger Fjord». Utsnitt. (Opphavsrett)

Krosskyrkje og stavkyrkje

Kyrkjekunst frå mellomalderen

To utskorne portalvangar og eit måla antemensale (alterforstykke) høyrer til det ypparste vi har av mellomalderleg kyrkjekunst i Noreg. Portalen og antemensalet er i dag i Bergens Museum; dei høyrer til dei mest kostesame eignalutene til muséet. Ein kopi av mellomalderantemensalet heng i dagens kyrkje. Denne er prydd innvendig i 1923 med måling av Lars B. Osa. Dei fysiske restane av mellomalderens kyrkjebygg, stavkyrkjeportalen, daterer stavkyrkja til 1100-talet; eit høgdepunkt i norsk og europeisk treskjerarkunst.
 

Share to