• Photo: Anders P. Wallevik. (Opphavsrett)
  • Photo: Ann Steindal (Opphavsrett)

Heggjagarden

«Krohold»

Heggjagarden har fått namn etter sersjant Nils Olsen Heggen. I 1720 bygsla han eit stykke jord av ein offiserskamerat og oppretta ein gjestgjevarstad med «krohold» ved skysskiftet. Han hadde ikkje bevilling til å driva gjestgjeverstad, men likevel ville ikkje futen innlata seg i prosess med han: «Erfahrenhed har lært hvad medhold de gjestgiverne faar, og hvad vidløftighed en foged bringes udi.» Det var vanskeleg for embetsmennene å få bort ulovlege krohus. Sjølvsagt hadde dei godhug mellom allmugen.

Turismen

Først i byrjinga av 1800-talet fekk Heggjagarden bevilling som privilegert gjestgjevarstad og øltapperi. Då var det Svein Winess, bror til gjestgjevaren på Utne, som åtte staden. Magnus Jonsson Myklatun overtok gjestgjevarløyvet i 1842, og det var i hans tid at landhandlarstaden tok seg opp. Drifta tok slutt i 1889, då det nye Vøringsfoss Hotel vart bygt på Ostangen nokre hundre meter bortanfor gjestgjevarstaden. Då hadde ein ny æra teke til: Turismen.
 

Share to