• Photo: Svein Nord (Opphavsrett)
  • Photo: Svein Nord (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)

Kvinnherad kyrkje

Mellomalderkyrkje

Kvinnherad kyrkje og Skåla kyrkje er nemningar som vi vekselvis møter i dei skriftlege kjeldene. Første gang vi finn kyrkja omtala, er i 1306. Dei gotiske stildetaljane i vestportal og korvindaugo viser at steinkyrkja er bygd kring år 1300. Opphavleg kan ho ha hatt vesttårn, men i dag er kyrkjetaket trekt ut over tårnmurane.

Gravkapell for Rosenkrantzfamilien

På nordsida av koret ligg det eit gravkapell frå 1670 og eit sakristitilbygg frå 1913. Då vart kyrkja restaurert under leiing av domkyrkjearkitekt Olaf Nordhagen. Gravkapellet er bygt av baron Ludvig Rosenkrantz og inneheld 15 sarkofagar. Her kviler Axel Mowat og kona Karen, Ludvig Rosenkrantz og kona Karen Mowat og biskop Edvard Londemann Rosencrone med kona Anna Nyegaard.

Interiør

Altertavla, som er prydd med Rosenkrantzfamilien sitt slektsvåpen, er måla i 1705 av Hans Sager. Preikestolen, med evangelistframstillingar og utskorne detaljar i renessanse og barokk må vera frå tida kring 1640. I skipet heng ei stor messing lysekrone med inngravert våpenskjold og innskrifta «Anna Godzen Se Muller 1766». I kyrkjetårnet heng det to klokker frå mellomalderen. Glasmåleriet i austvindauga i koret er laga av engelskmannen C.O. Skilbeck.

Share to