• Photo: Helge Sunde (Opphavsrett)

Halne

Overnattingsstad

Den største bua vart i gammal tid bruka som overnattingsstad for ferdafolk på veg mellom Austland og Vestland. Somme meiner dette er den «Biscops Boden» som 1600-tals kjelder nemner i samband med visitasreisene for Stavangerbispen, når han skulle til den austlegaste luten av distriktet sitt. Like til 1631 låg Hallingdal og Valdres under Stavanger bispedømme.
 

Kokegroper og andre funn

Arkeologiske granskingar har synt at den største bua har vore i bruk frå mellomalderen av, og biskopstradisjonen kan såleis godt vera rett. Her fanst tinnknappar, kritpipebitar, jernnaglar og mengder av hesteskosaum. Men også før steinbuene vart bygde, har her vore folk. I grusryggen nedanfor lægeret er nedgrave nokre gryteforma groper, fylte med raudbrende steinar. Slike kokegroper var vanlege på Hardangervidda i eldre jernalder. Dei kan godt vera både 1500 og 2000 år gamle. Nokre meter lenger nord ligg restar av ein buplass frå bronsealderen, mellom 3500 og 3000 år gammal. Her vart funne kring 40 pilespissar av flint og kvartsitt. Like ved var ein 3500 år gammal eldstad med restar av brende reinsdyrbein.

Buplassar

I traktene kring Halnefjorden er det funne ei mengd buplassar frå stein- og bronsealder. Langs stranda, frå Halne og 2 km austover, ligg 9 stykke. Den eldste av dei er meir enn 8000 år gammal.

Share to