• Photo: J. Øvregård (Opphavsrett)

Syvde heiter Syvde

Det som har satt igang diskusjonen er at lokalbefolkninga i stadig større grad ser namnet Syvden nytta på sentrale nettstader på internett som ei følgje av dette. Dette vil dei ha slutt på. Ei underskriftskampanje, Syvde heiter Syvde, vart satt igong i 2007 og hausten 2010 innstilte eit samla kommunestyre på at stadnamnet Syvden skulle endrast til Syvde i alle samanhengar, likeså skulle fjordnamnet stadfestast til Syvdefjorden. I løpet av våren kjem truleg avgjerda frå Kartverket. Stadnamn engasjerer og det har det alltid gjort. Dette er ikkje første gongen politikarar i Vanylven innstiller på namnet Syvde.

I 1917 vart Søvde kommune utskilt frå Vannylven kommune. Søvde var eit namn ein ikkje var komfortabel med. Her er litt av det møtebøkene i kommunearkivet fortel oss:

I 1925 bestemmer skulestyret i kommunen følgjande:

Ang. namnet på heradet og faa det forandra fraa Søvde til Syvde. Vart vedteke aa sende ei uppmoding til heradstyret um aa gjera det som er turvande i dette høve."

I kommunestyremøte det påfølgjande år, 15. februar vert saka teke opp i kommunestyret:

"Skriv frå Søvde skulestyre med forslag om faa brigda heradsnamnet fraa Søvde til Syvde og samstundes faa brigde paa namnet Søvsbotn postaapneri og rikstelefonstasjon til Syvdsbotn postaapneri og rikstelefonstasjon. Enstemmig vedtak: Skulestyrets forslag tiltredes"

Vedtaket vart så sendt til Kirkedepartementet og svaret derifrå vart handsama i møte 3. mars 1927:

"Angaaende navneforandring av herredet. Saken er av Kirkedepartementet sendt tilbake til herredsstyret fornyede uttalelse om den begjerede form for navnet "Syvde" ikke burde være "Syvden". Herredsstyret fastholder inst. at det nye navnet bør være Syvde"

Som ein skjønar er ikkje statens begeistring for namnet Syvden av ny dato.

Den 8. februar 1929. Held Syvde kommunestyre sitt første møte.

Sak 1:

"Medelelse fra fylkesmannen i Møre at iflg. formandskapets skriv av 8/3-1927 er det ved Kongelig resolusjon av 21. desember 1928 fastsatt at Sokne og heradsnamnet "Søvde" vert brigda til Syvde.

Share to