Gamlegata på Gvarv

Vakker ligg Gamlegata der, fredleg og roleg, i dag som boligområde. Det er likevel lett å få kjensle med historien som ligg i gata.

Dei fleste husa, i Sveitser-, Empire-, og Jugendstil, ligg med inngangen rett ut i gata, og vitnar om den tida då det var næringsverksemd langs heile gata. Ei tid med hest og vogn. Smale gater. Liv, arbeid og handel. Dampbåt på brygga.

På sidene av husa, eller bak, ser ein inngang til det private. Frodige hagar med uthus ligg i bakkant og ein kan lett førestille seg ei tid med poteter, høner, gris og ku i bakhagen, medan landhandel, baker, systuer og hotell fronter gata.

Dei fleste husa er sett opp i tiåra rundt 1900. Og ein kan takke Torkjell Gunnheim for mykje av dette arbeidet. 

Share to