• Photo: ukjent (Opphavsrett)
  • Photo: Richard Fleischhut. (Opphavsrett)
  • Photo: Richard Fleischhut. (Opphavsrett)
  • Photo: Ann Steindal (Opphavsrett)

Stalheim hotel

Gjestestove og hotelldrift

Gjestgjevarstova frå skysskiftet står i dag på Stalheim museum. Det første Stalheim Hotel vart bygt i 1885, da hotellmannen Johan Andersen flytta hotelldrifta si frå Vossevangen, der han frå 1883 hadde drive Jernbanehotellet.

Glanspunktet

Stalheim Hotel vart frå 1888 drive av den svenskfødde hotellmannen Albert Patterson. Han bygde ny stor hotellbygning for nær 200 gjester, med moderne sanitære innretningar og stor stall og vognrom; - «...Under hans kyndige Drift vandt Hotel Stalheim snart et ry, som strakte sig langt ud over Norges Grænser over hele Europa og Amerika, Australien og Indien. I engelske, tyske og franske Reisebeskrivelser over Norge var Nærøydalen og Stalheim Glanspunktet», skreiv F. Scarlett i boka «Turistlandet Norge». 

Det femte hotellet

Kaare Tønneberg overtok hotellet tidleg i 1930-åra. Han har ytterlegare gjeve Stalheim eit nesten legendarisk omdøme, både nasjonalt og internasjonalt. Etter ein brann i 1959 bygde han opp att hotellet; det femte Stalheim Hotel.

Share to