• (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)

Formannskapslovene fyller 175 år

14. januar 1837 ble «Lovene om Formandskaber i kjøbstæderne og paa landet» vedteken i Stortinget. Lovene skulle få stor innverknad på det lokale sjølvstyre.

Formannskapslovene, som dei seinare har blitt kalt, innførde det kommunale sjølvstyre i kommunane. 1837 har blitt eit merkeår i norsk historie og reknast også som året då kommunane blei oppretta. Dette er ikkje helt korrekt; me hadde kommunar og folkevalgt representasjon også før 1837. Når me allikevel reknar kommunane sin fødsel tilbake til 1837 er det kommunane i moderne betydning vi reknar dei, altså slik vi kjenner dei. Innføringa av formannskapslovene er difor eit svært viktig element i historia om det lokale sjølvstyre i landet. Grunnen til det er todelt; for det første blei det hjemla i lov at det skulle vera ein folkevalgt representasjon som skulle ha myndighet over eit begrensa geografisk område. For det andre blei det stadfesta at inndelinga av formannskapskretsar og oppretting av formannskap skulle vere den same over heile landet.

 

Lang kamp

Når lova endeleg vart vedteken i 1837 hadde det vore ein hard og lang kamp som kan sporast heilt tilbake til innføringa av Grunnlova i 1814. Grunnlova medførde ingen forandring i korleis kommunane blei styrde; det var fortsatt embetsmennene som hadde all makt slik det hadde vore i årtia før 1814. Denne mangelen på sjølvstyre ble av mange sett på som lite demokratisk og heller ikkje i tråd med prinsippa i Grunnlova. Det var først og fremst bøndene som fremsatte krav om lokalt sjølvstyre. Hovedargumentet var at dei som skulle bæra kostnadane med lokale tiltak, også burde styre dei. Eit anna argument var at innbyggjarane var betre kjent med tilhøva lokalt enn tilflytta embetsmenn.

Tilsaman vart det utarbeidd ni utkast til formannskapslover mellom 1821 og 1830. I 1833 vart det i alt lagt fram fire forslag, og same året vedtok Stortinget også eit av desse. Lova vart derimot nekta sanksjon av Kongen. Regjeringa satte så ned ein lovkommisjon som skulle utarbeide eit nytt utkast til lov. Kommisjonen la fram sitt forslag for Stortinget i 1836; i tillegg var det fire andre forslag. Lovkommisjonens utkast vart vedteken med berre mindre endringar. 14. januar 1837 vert Stortinget sitt vedtak sanksjonert av Kong Carl Johan. Lova trådde i kraft frå 1. januar 1938.

Kva bestemte lovene?
Formannskapslovene bestemte at det i kvart prestegjeld og i kvar by skulle vere eit formannskap og representantskap (frå 1921 herads-/kommunestyret). Medlemmane i formannskapet skulle veljast ved særskilt val. Representantskapet skulle ha tre gonger så mange medlemmar som formannskapet. Vala gjaldt for fire år og slik at halvparten av medlemmane gjekk ut anna kvart år. Etter 1896 har formannskapets medlemmar blitt valt av og blant heradsstyret sine, og de utgjør 1/4 av kommunestyremedlemmene. De siste skulle fortsatt velgjast av velgjarane, men med tre års tjenestetid og val kvart tredje år. Ved lover av 4. juli 1947 ble valperioden forlenga til fire år, slik det framleis er.
Formannskapslovene var ei rein forfatningslov. Dei institusjonaliserte kommunane og sette rammene for det kommunale virkeområdet. Sjølve innhaldet i det kommunale virket var regulert gjennom særlover, eller så bestemte kommunane dette sjølve.

 Stor vekst

 Den kommunale administrasjonen har hatt ein enorm vekst sidan 1837. På 1800-talet bestod kommunen sine oppgåver stort sett av skule, fattigomsorg og utlikning av skatt. Kommunen hadde få tilsette; om nokon i det heile tatt. Seinere, på byrjinga av 1900-tallet, tok kommunane del i fleire oppgåver, til dømes kraftutbygging, samferdsel, landbruk og forsyning. Etter andre verdskrigen gjekk det med store ressursar til gjenoppbygging, regulering og bustadbygging. Dei siste tiåra har det vorte meir og meir vanleg at tidlegare kommunale oppgåver har vorte overlate til private aktørar, eller at kommunar har gått saman i interkommunale samarbeidsordningar eller kommunale foretak.

Samstundes med at oppgåvene har vorte fleire og fleire og antall tilsette har auka betrakteleg, har også måten kommunale møter vart halde på endra seg. I dei første åra var det vanleg at til dømes formannskapsmøta vart halde heime hjå ein av representantane; dette fordi kommunane ikkje hadde eigne lokale. No held ein møta i eigne formannskapssaler eller heradsstyresaler, med topp moderne utstyr; ja for enkelte herad er det mogleg å følgje med via web-tv. Og via kommunen sine nettsider kan ein lett få tak i innkallinger, saksframlegga og protokollen frå møta.

Formannskapsprotokollar frå heile fylket

Ved Interkommunalt arkiv i Hordaland (IKAH) oppbevarer vi arkivsaker frå dei fleste kommunane i Hordaland. Blant dei mange hyllemetrane med dokument og protokollar finn vi blant anna forhandlingsprotokollar frå formannskapa. Desse protokollane er bundne inn og som oftast er dei i folioformat (noko større enn A4). Bakerst finn vi som regel også eit segl som viste at protokollen var autorisert av amtmannen (seinere Fylkesmannen). Formannskapsprotokollane var blant dei viktigaste arkivsakene til kommunen. Her vart alle formannskapet sine vedtak dokumentert og dei er difor ei viktig kjelde for lokalhistorikarar. Protokollane er tilgjengelege for publikum på vår lesesal i Kalfarveien 82 (samme lokale som Bergen Byarkiv).

I dag er lokalt sjølvstyre noko som er sjølvsagd; det var ikkje tilfellet for 175 år sidan. Sjølv om vi hadde lokalt sjølvstyre også før innføringa av formannskapslovene i 1837, gjorde desse lovene utvilsomt til at deler av makta blei flytta frå sentralnivå til lokalnivå; frå statlige embetsmenn til lokalbefolkning. På den måten kan ein seie at formannskapslovene styrkte demokratikjensla i det norske folk.

 Artikkelen stod på trykk i Bergens Tidende 26. februar.

 

 

Share to