• (Opphavsrett)

Bløyeband

Når pinsehelga nærmer seg, så knyttes vårt kulturminne seg til

første pinsedag på Tynset, ein gong mellom 1820 og 1825.

Nicolai Ramm Østgaard vaks opp i hop med si mor og søster hos besteforeldrene på Ramsmoen, Tynset. Han skriv om opplevingane frå barndommen på Tynset i boka ”En fjeldbygd” .

Det var pinsedagsmorgon, det var nyutsprunge lauv, kyrkjeklokkene hadde allereide kima lenge og
”Gjenterne gikk alt i fine kridvide Liinærmer og grønne Helgedagsliv, og jeg selv havde forlængst faaet den blaa Søndagstrøie med Kugleknapperne paa, og vad som mer var, nye Beenklæder til Dagen”.
Dei andre i huset var da klare til å dra til kyrkja. Glomma gjekk flomstor, så einaste
framkomstmiddel var med båt.

Vel inne i kyrkja har kvinnene benka på den eine sida og mannfolka på den andre, medan ungdommen tok plass på hjellen. – Og etter preika, der presten meir eller mindre samtalte med menigheiten, var det barnedåp som N. R. Østgaard beskriv slik:

”Under Barnedåbens langvarige Ceremoni – og det var vel som sædvanlig henved en Snees Børrn, der bares frem i sine hvide Linsvøb omviklede med de røde Baand – blev der lidt mer Frihed tl at se sig om i Kirken.”


Dåpsdrakta,
kristenbløye med bløyeband og kristenluve
er vårt kulturminne denne gong.

Spebarna vart den gong svøpt i firkanta stoffstykker av lin, bomull og ull. Og med ei skjorte og trøye på overkroppen, vart barnet vikla med lange reivband. Her i distriktet vart desse banda kalt bånlinner. Dei vart vevd på bandgrind, og hadde fine mønster, i mange farger. Hodeplagget var luve med knytteband, ofte fleire luver utanpå kvarandre.

Til dåpen vart barna i tillegg svøpt inn i eit kvitt laken, ei bløye. Dei få, gode kjeldene me har, kallar dette kristenbløye. Rundt det kvite svøpet vart det vikla smale mønstervevde band i fleire fargar, men raudt var mest vanleg – slik som N. R. Østgaard skildrer det frå første del av 1800-talet. Banda var tre til fire meter lange, og to – tre cm breide. Ved dåpen vart desse kalla kristenband.
På hovudet hadde barnet ei luve, dåpsluve, tradisjonelt kalla kristenluve. Den var sydd av ekstra fint tøy, oftast silke. Jenter og guter hadde luer i ulikt snitt – jentluva var sydd av tre mønsterdeler, medan gutluvan var i fem stykker som møttes i ein rosett i nakken.

Nordøsterdalsmuseet har fleire bløyeband som me vil presentere her.
Dei er alle vove på bandgrind, og har ei renning av bomull og ullgarn. innslag av bomullsgarn. Den kvite lerretsbindinga utgjer ein botn, og ved å plukke opp dei raude ulltrådan får ein fine mønster.

Desse bløyebanda fortel oss om ei tradisjonell dåpsdrakt, - og representerer ein kulturarv som me gjerne vil ta vare på.
 

Litteratur:
Nicolai Ramm Østgaard: En Fjeldbygd. 1851
Inger Lise Christie: Dåpsdrakter. 1990.
Inger Lise Christie: Et reivebarn. 1977.
Helga Reidun Bergebakken Nesset i Årbok for Nord-Østerdalen 2007:
Bånklæa føri ti`n.

 

Share to