• Photo: Arkikon.no (Opphavsrett)
  • Photo: Arkikon.no (Opphavsrett)

Dronning Tora frå Giske

Urolege tider

Då hadde Stein drepe ein av kong Olav den heilage sine menn og var lyst fredlaus. Han flykta til Giske og bad om hjelp frå Ragnhild. Ho fekk til slutt mannen Torberg til å fare mot kongen med mange skip. Saman med Torberg var brørne hans - Arne, Finn og Kalv - og to av Ragnhild sine brør frå Sola. Konflikten med kongen vart løyst og Arnesønene lovde truskap til kong Olav, Kalv med atterhald.

Den mektige morfaren til Tora, Erling Skjalgson, vart drepen av kongens mann i 1028 - "No hogg du Noreg av hendene mine". I dette slaget var Arnesønene med på kongens side. Far og farbrørne til Tora var med og kjempa mot morfaren hennar.

Slaget på Stiklestad

I 1030 stod slaget på Stiklestad der kong Olav fall. På kongens side stod Arnesønene Torberg, Finn og Arne. Broren Kalv var ein av leiarane av motstandshæren og var ein av tre som gav kongen banesår. Enno ein gong stod slektningar av Tora mot kvarandre.

Noregs råaste konge

Etter eit dansk mellomspel vart Magnus, son av Olav den Heilage, konge i 1035. Kalv Arneson stod i spissen for dette, men måtte røme landet då kongen stilte han til ansvar for drapet på Stiklestad. Onkelen til Magnus, Harald, halvbror til helgenkongen, hadde som 15-åring vore med i slaget på Stiklestad. Han måtte røme via Kiev og vart høg offiser i det bysantinske riket. Der var han i 10-11 år, slost mellom anna på Sicilia og i Bulgaria, var i Jerusalem og skal ha stukke ut augene på ein av keisarane. Etter å ha samla seg store rikdommar, rømde han saman med andre leigesoldatar frå Norden og kom til Kiev.

Svigerson til storfyrst Jaroslav

Der gifta han seg med dotter til storfyrst Jaroslav, Elisabeth også kalt Ellisiv. To av søstrene til Ellisiv vart gifte med menn der den eine vart konge av Frankrike, den andre konge av Ungarn. Harald og Ellisiv fekk to døtre: Maria og Ingegjerd.

Harald vende i 1046 tilbake til Noreg med store rikdommar, kamptrena soldatar og eit mål om å bli konge. Han var halvbror til helgenkongen Olav og onkel til kong Magnus, og meinte han hadde rett til kongsnamn. Harald og Magnus vart einige om å dele landet og rikdommane til Harald mellom seg. Magnus var konge også i Danmark frå 1042, men i 1047 døydde han. Svend Estridson vart konge i Danmark og Harald konge i Noreg.

Giftemål med kong Harald

Tora Torbergsdotter vart gift med kong Harald i 1048, ho var om lag 24 år då ho vart andrekona til kongen som då var om lag 33 år. Dei fekk to søner: Magnus fødd 1048 og Olav fødd om lag 1050. Vi veit ikkje korleis tilhøva mellom Tora og Ellisiv var, men det ser ut til at kongen av og til hadde med Tora, andre tider Ellisiv når han var på hærferd. Kong Harald hadde lært seg statsstyre i Bysants og brukte kunnskapane sine i utøvinga av kongemakta i Noreg. Difor høvde nok tilnamnet Hardråde godt. Slektningane til Tora var framleis mektige, og den eine farbroren Finn fekk til forlik mellom kongen og den andre farbroren Kalv. Kongen sveik Kalv så han vart drepen, og Finn vart ein fiende av både Harald og Tora.

Tora vart enkje

Harald Hardråde var den første kongen som hadde kontroll over heile landet, men ambisjonane var større: han ville legge under seg både Danmark og England. I 1066 vart han drepen i slaget ved Stamford Bridge, og Tora vart enkje. Begge sønene hennar vart kongar, først i samkongedøme til Magnus døydde i 1069. Deretter var Olav Kyrre einekonge heilt fram til 1069. Han etablerte dei første bispedøma: Nidaros, Selja og Oslo og fekk til ein fastare statsorganisasjon. Olav Kyrre var gift med Ingrid, frilledotter av danskekongen Svend Estridson, men etterfølgjaren hans Magnus Berrføtt var frilleson.

Giftemål med danskekongen Svend

Tora skal ha blitt gift med danskekongen Svend Estridson (død 1074) og fått sonen Knud Magnus som døydde i Roma der han var for å bli vigd til konge. Kong Svend hadde minst 19 born, dei fleste med friller. Heile fem av sønene hans vart kongar i Danmark, ei av døtrene vart dronning i Noreg. Dette giftarmålet knyter det seg tvil til fordi det ville legge kyrkjerettslege hindringar i vegen for ekteskapet mellom Olav Kyrre og Ingrid.

Kanskje dronning

Kanskje vart Tora dronning både i Noreg og Danmark. Sjølv om ikkje var dronning i nokon av landa, berre frilla til Hardråde, stod ho midt i dei dramatiske hendingane på midten av tusentalet. Den viktigaste rolla ho hadde var likevel som mor til to kongar og stammor til Hardrådeætta som styrde Noreg heilt fram til kong Sverre. Ho spelar ei birolle i Giskespelet, men av rollefigurane i stykket var det berre Olav den Heilage som fekk større innverknad enn henne i det lange perspektivet.

Share to