• Photo: Ukjent (Opphavsrett)
  • Photo: Ann Steindal (Opphavsrett)

Snøskjermar ved Tunga

Tunga stasjon var ein gong både ekspedisjonshus og to vaktarbustadar. Stasjonen var fyrst og fremst ein kryssingsstad på den lange og vêrharde strekninga mellom Haugastøl og Finse. På denne strekninga vart det tidlegare bygd fleire snøskjermar, og dei var plassert med to føremål. Samleskjermane er plasserte for å bremsa vinden slik at snøen fenner seg før han når linja. Leieskjermane er plasserte for å bøya av vinden og føra snøen vekk frå linja. Skjermane kan vere 57 meter høge og opptil 100 meter lange.

Materialane til dei første snøskjermane og -overbygga vart kjøpte inn frå fleire sagbruk i Namdalen. Dei kom sjøvegen til Stanghelle, og her vart tømmer og plank lasta opp på tømmervogner og køyrde til høgfjellet. Sommaren 1908 gjekk det 12–15 slike tog kvar dag. Dette tømmeret hadde vakse sakte, og var tett og seigt, så skjermar og overbygg vara lenge. I mange år vart om lag ein kilometer snøskjerm vøla årleg. Ofte var det same arbeidslaget som kom frå Sogn sommar etter sommar. Etter at Finsetunnelen og ny linje mellom Tunga og Finse stod ferdige på slutten av 1990-talet, vart det mykje mindre behov for snøskjermane. Linja vart då heva slik at snøen lettare blæs vekk frå sporet. Sjølve snøryddinga er òg endra, slik at det køyrast roterande snøplog mellom kvart tog om det blæs eller snør.  

Share to