• Photo: Noregs Jeger og Fiskeforbund (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)

Luftas rotter – om kråkekrigen i Noreg.

I etterkrigsåra opplevde Norge mange slags krigar. Me har tidligare i ein artikkel på heimesida vår omtalt den sokalla "Rottekrigen i Surnadal" i 1947. Kråkekrigen braut laus same året.

Åndalsnes og Omegn Jeger – og Fiskeforening skreiv i brev til Grytten formannskap 11.oktober 1948 mellom anna: "Vår forening anser det som absolut nødvendig å fortsette med kråkekrigen også i den kommende sesong. Jeg vil derfor på foreninges vegne anbefale at der må bli innvilget kr. 150,00. Ifjord regnet vi med å ha tatt minst 500 kråker og skjor med fosformos."

I 1947 deltok om lag 330 av 750 kommunar i kråkekrigen og oppnemnde kråkenemnder. I kvar kommune vart det i snitt drepe 1000 kråkefuglar. Kråkene gjorde mykje skade då dei plyndra reira til rypene. Om lag 10 % av egga til rypene vart øydelagde, men kråkene trua også nyklekte kyllingar og hareungar. I tillegg åt kråkene av nyttige landbruksvekstar. Det var ikkje berre kråkene som trua gjenreisinga av Noreg etter krigen: "Sett fra viltstellets synspunkt er kråka den verste fugl en kan ha. Sørg for å få den utryddet. De andre kråkefuglene som ravn, skjære, nøtteskrike og lavskrike er også farlige for viltet og bør bekjempes og premieres slik som kråka."

Under mottoet "Kråkefuglene er luftens rotter" vart det frå Norges Jeger og Fiskerforbund i Oslo distribuert ei brosjyre som i detalj fortalte kvifor kråkene måtte utryddast, og korleis dette kunne gjerast. Teikning til bygging av kråkefeller og gifta fosforglyserin vart nytta som åte. Denne gifta var flytane og kunne lett blandast i åte som småsild og i kular av kjøtdeig. Større porsjonar kunne fyllast i kalv –og svineblære og i magar. Her var det – som arbeidarleiaren Martin Tranmæl i si tid uttrykte det – viktig å fylle nok dynamitt i borehola.

Ved sida av bygging av kråkeburet var den mest sublime metoden for utrydding dei sokalla fosforegga. (må ikkje forvekslast med Fabergéegg til den russiske tsaren). Eit vanleg hønseegg vart kappa i to og den eine delen vart fylt med åte. Den andre tomme delen vart deretter pålimt ved hjelp av smelta, fast parafin av same type som vart nytta til skismørjing. Egga kunne deretter uplasserast på stader kor kråkefuglane ferdast og så høgt at ikkje hundar fekk tak i dei.

Levande åte var heller ikkje å forakta. Hubroar, hauk, falk og kattar kunne bindast i ei stong på kveldstid. Frå eit skjul kunne skyttarar plaffe laus og "skyte kråker i massevis…" Jakta på kråkene vart ein populær aktivitet blant smågutane som skaut fuglane med salongrifler. Føtene til kråka vart kappa av og frakta til politistasjonen eller lensmannskontoret. Kvart par kråketær vart avlønna med ei krone i skotpremie.

Det er tvilsamt om ein vart kvitt kråkefuglane på dette viset og vonde tunger har meint at den mest vellukka metoden for å fjerne fuglar var då fugleberget i Ålesund sentrum vart sprengt i lufta.

Ein allusjon (ordspel) til slutt: 1947 var ikkje berre året då rottekrig og kråkekrig vart deklarert. Statsminister Einar Gerhardsen heldt i dette året den berykta "Kråkerøytalen" - som ikkje hadde noko med kråker å gjere, men som innleia jakta på mistenkte kommunistar under den kalde krigen. Dette kan du lese om i Lund-rapporten. Kjelde. Grytten formannskap/kommunestyret Serie Da: 1948-1948

2 comments

  • Takk for fin oppdatering av kråkekrigen. Det kunne vært svært interessant å studere detaljene i metoden nærmere, men mitt syn tillater meg dessverre ikke å lese teksten i det vedlagte faktaark "Kråkekrig". Hadde det vært mulig å få tilsendt et skannet bilde av plakaten med en bedre oppløsning?

    NB: Detaljene skal ikke brukes i marka, bare til en artikkel i den lokale historieforenings årbok.

    På forhånd takk for evt. hjelp.

  • Vi skal se om vi kan finne et eksemplar av skrivet i Rauma kommune sine arkiver.

Share to