• Photo: Helge Sunde (Opphavsrett)

Marknadsplassen på Hallingskeid

Skjeringspunkt

Her er eit skjeringspunkt for ferdsla. Til Hardanger gjekk stølsvegen over Osa, til Voss over Vossaskavlen og til Sogn over Sygnaleitet. Kortaste vegen til Hallingdal frå vest var over Osa.

Leikstemne og marknadsplass

Framleis viser tuftene etter ei marknadsbu. Ein times gange frå Grøndal ligg ei stor flate med steinfri mark i 1100 meters høgd, kanskje så stor som 30-40 mål. Det er Hallingskeid (skeid: ei flate for kappriding eller kappspringing). Kva som er eldst av leikstemna på Hallingskeid og marknadsplassen i Grøndal, er vanskeleg å seia. Det er eit naturleg samband mellom dei. Kanskje går marknadsplassen attende til dei første hundreåra e.Kr., og kanskje vart det slutt med Grøndalsmarknaden i seinmellomalderen, etter svartedauden.

Share to