• Photo: Johannes Sponland (Opphavsrett)

Ålesund gamle kirke

Ein kjøpstad med ambisjonar

Då Ålesund i 1848 fekk status som kjøpstad hadde ikkje byen eiga kyrkje. Bybuarane måtte reise med båt til kyrkja i Borgund. Dette vart uhaldbart, og arbeidet med å få ei eiga kyrkje starta. Ho vart innvigd 25. januar 1855. Då talde Ålesund 1856 innbyggarar. Den første dåpsseremonien i den innvigde kyrkja blei halden 11. februar då heile 10 barn vart døypte. Til samanlikning vart berre tre barn døypte 17. januar 1904, fem dagar før kyrkja brann, sjølv om folketalet då hadde stige til 12.000! Det ligg nært å tenke at mange foreldre hadde venta litt ekstra lenge den gongen i 1855 for å få med seg den første dåpssøndagen i den nye kyrkja.
Arkitekten Heinrich Schirmer (1814-1887) fekk oppdraget med å teikne kyrkja. Han var del av ei gruppe tyskfødde arkitektar som dominerte dei store norske byggeprosjekta på midten av 1800-talet. Schirmer hadde vore involvert i fleire prestisjefulle prosjekt, som Slottet og, seinare, restaureringa av Nidarosdomen. Det var typisk for perioden at kjøpstadens handelsmenn stod i bresjen for kyrkjebygginga. Både den ruvande plasseringa og det at ein involverte ein anerkjend arkitekt vitnar om ein nyslått by med ambisjonar. 

Ein nøktern protestantisk stil

Kyrkja vart bygd i ein enkel nygotisk stil, noko som var i pakt med tidas kyrkjeideal. Langkyrkja var orientert med tårnet i vest og koret i aust. Vesttårnet var kledd i pussa mur, men elles var muren oppførd i ubehandla teglstein. Tårnet var kvasst og høgreist, som gotiske himmelstrevande katedralar gjerne var, men hadde ikkje fortjukkingar av murlivet slik som dei opphavelege gotiske bygningane. Vindauga var høge med klart glas, og slapp inn mykje lys. Ein liten detalj å merke seg er at Ålesund kirke hadde rundboga vindauge, noko som følgde det romanske idealet, i staden for dei typisk gotiske spissbogevindauga. Dei andre kyrkjene av same type som Schirmer teikna hadde alle slike spissboga vindauge. Om denne variasjonen kom frå arkitekten eller byggekomiteen si hand er vanskeleg å gi svar på. Det er ikkje umuleg at arkitekten leika seg med dei mange mellomalderske stilretningane.

Inne i kyrkja var både vegger og tak kvitkalka, berre avløyst av eit mørkare malt "brystpanel" langs veggene. Skip og kor var smelta saman til eitt stort, ope og lyst kyrkjerom, som gav plass til 800 menneske. Dette var relativt rommeleg med tanke på det lave innbyggartalet ved innviinga. Preikestolen stod i korskiljet, og utsmykkinga var svært enkel. Blikkfanget var ein enkel kvit Kristusfigur over alteret, laga av bilethoggar Berthel Thorvaldsen (1768 - 1844).
Både bygget og kyrkjeromet var bygd i pakt med den protestantiske tradisjonen der Ordet stod i sentrum. Søkenen etter ein eigen protestantisk kyrkjearkitektur hadde røter heilt tilbake til 1600-talet, og dominerte dei mange kyrkjene som vart oppførde her i landet. Ålesund kirke stod solid i denne tradisjonen.  

Tøffe verforhold og spansk ballast

Tomta, som kommunen kjøpte av madam Øwre, låg verutsett til. Etter berre fem år med vind og regn måtte kyrkja få nytt tak, og det måtte leggast koparplater på kuppelen. Etter nye fem år måtte kuppelen kledast med bord som vern mot vestavinden, som fekk godt tak der oppe på Aspøya. Kyrkjegarden var heller ikkje særleg eigna som kyrkjegard, sidan han låg på steingrunn. Den stadige tilkøyringa av jord vart ei tung ekstrautgift til den skrale kyrkjeøkonomien. Til gjengjeld løyste dette noko av ballastproblemet i den stadig meir travle fiskehamna Ålesund. For at dei spanske skutene skulle ligge støtt i sjøen på veg til Ålesund, vart dei fylte med jord og sand. Når dei på heimvegen skulle vere breiddfulle av fisk, måtte ballasten kastast over ripa. Med stor trafikk kunne dette bli litt av eit problem. Uansett måtte kyrkjegarden, i takt med den veldige folkeauken, utvidast ved fleire høve. Gravplassen bak byfjellet, Nordre gravlund, vart anlagd i 1879, og like før brannen vart også Nørve gravlund oppretta.

Schirmerske kyrkjer i dag

Den nøkterne stilen hadde ikkje berre ei t teologisk siktemål. Etter kyrkjelova av 1851 skulle kyrkjene ha plass til tre tidelar av folkemengda i soknet. Dette førte til ei voldsom kyrkjefornying over heile landet. Schirmer vert rekna som ein av "typekirke- arkitektane". Dette er ikkje å forstå som noko negativ nemning. "Typekirkene" vart utforma etter standardiserte skjema, rett og slett for at kyrkjeutbygginga skulle gå raskare, og Schirmer var ein handlekraftig nybrottsmann på dette området. Trekyrkjene i Ørsta, på Vartdal og på Hareid er "typekirker" etter Schirmer si hand, og står der den dag i dag. Det finns også murkyrkjer som liknar på Ålesund kirke. Den som liknar mest er Strøm kirke i Sør- Odal i Hedmark, bygd i 1857. Her kan også nemnast Tranby kirke i Lier frå 1855, Havstein kirke i Trondheim frå 1857, Sarpsborg kyrkje frå 1859 og Moss kirke frå 1861. Kirkene varierer noko i storleik, men har mange fellestrekk. Dei er alle svært gode konsertkirker med god akustikk.

Det gamle blir avløyst av det nye

Folket si nedbrente kyrkje stod som eit symbol på fellesskapet sitt enorme tap, men kyrkjehandlingane måtte gå sin gang. Dåpsbarnet Leif Paul Røssaak, som vart døypt 24. januar 1904, vart sannsynlegvis døypt i gymnastikksalen på Aspøyskolen. Pastor Gedde Dahl heldt første gudstenesta etter brannen om bord i fløyadjutant von Grumme sitt skip Fönicia, som hadde kome med hjelpesendingar til den brannramma byen. Trass ulykka var det nye tider, og den nye kyrkja i Ålesund vart svært ulik den gamle. Men det er ei anna historie.

Share to