• Photo: Margun Farestveit (Opphavsrett)
  • Photo: Teikna av Magnus Hardeland (Opphavsrett)

Fjellgarden Krossen (Nygard)

Gamal støl?

Vi har ikkje opplysningar om at Krossen var busett i mellomalderen, men det kan likevel ikkje utelukkast. I alle høve er det rimeleg å tru at bøndene på Øvre Helland nede i Modalen nytta området til stølsbruk. Først kring midten av 1600-talet har ein kjennskap til fast busetjing her. Velståande borgarar i Bergen eigde Krossen, tilliks med Øvre Helland, fram til 1764. Då fekk dei to leiglendingane kjøpa bruka dei dreiv. Heilt frå 1700-talet er Krossen også blitt kalla Nygard.
 

Utmarka viktig 

Krossen fekk to bruk på 1600-talet, medan to nye bruk kom til i andre halvdel av 1800-talet. Utmarka var svært viktig. Her fanst mange markaslåtter med tilhøyrande løer. Store snømengder gjorde det naudsynt å skaffa mykje fôr til husdyra. Jakt og fiske gav viktige tilskot til kosthaldet. Særleg snarefangst spela ei stor rolle. I liene voks lauvskog, som gav salsvarer som ved, never og bork. Bruka på Krossen skal ha hatt støl i Norddalen, men han gjekk av ein eller annan grunn ut av bruk. Husa stod frå gammalt saman i eit fellestun. Etter at utskiftinga var fullført i 1912, blei bruk nr. 3 verande att i tunet, medan dei andre fann nye tunstader. 
 

Diktaren Olav Nygard

Krossen er mest kjent som heimstaden til diktaren Olav Nygard (1884-1924), som vert rekna for å vera ein av dei fremste norske lyrikarane. Etter å ha fullført amtsskulen og gått på folkehøgskule i Ørsta, livnærte Nygard seg på ulikt vis, både som småbrukar, snikkar, verftsarbeidar og bryggjeriarbeidar. Han gav ut diktsamlingane Flodmaal (1913), Runemaal (1914), Kvæde (1915) og Ved vebande (1923), samt ei gjendikting av Robert Burns sine dikt (1923). Sjukdom, depresjonar og økonomiske vanskar prega livet til Olav Nygard. Han døydde av tuberkulose på husmannsplassen Beverlia i Østre Aker. Nede på Mo er det reist ei minnestøtte over han. Broren, Lars Marselius Nygard, markerte seg også i kulturlivet som skodespelar og styrar for Komedieteatret i Bergen.  

I 2008 bur det berre ein person på Krossen. Ein del av dei gamle gardshusa vert haldne i hevd, og her er kome mange hytter.
 

Share to