Mo kvinneforeining for «gamlemisjonen» (misjonsselskapet) er kjend i alle høve frå 1870, og var mykje over 100 år då ho vart nedlagd i 1990. Dette biletet viser kvinnene som var me ...
Mo kvinneforeining for «gamlemisjonen» (misjonsselskapet) er kjend i alle høve frå 1870, og var mykje over 100 år då ho vart nedlagd i 1990. Dette biletet viser kvinnene som var med i foreininga i 1930. Det er kvinner frå Brakasiå av Elvå, altså frå gardane på nordsida. Bak frå venstre er det Siri Brommeland, Ragna Eide Helland, Marie Pettersen (ei kvinne frå Stavanger med feriehus på Brommeland), Augusta Brommeland og Siri Valskår. Siri var formann, like til ho døydde 100 år gammal i 1874. Framme, frå venstre, er det Olena Grov, Ingeborg Moe, Anna Myrabø, Kari Sundvoll og Barbro Hiim. Biletet vart teke i hagen på Fetå, bruk under Brommeland i Sandsbygda.
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».